Hopp til innhold

Turistar gjekk seg vill over Romsdalseggen

To belgiske turistar i 20-åra ventar på hjelp frå røynde fjellfolk fordi dei har gått seg bort på Romsdalseggen. Den tjukke tåka gjorde at redningshelikopteret måtte snu.

Romsdalseggen kan bli eit av dei nye store turistmåla i Noreg.

Det er uklart om turistane har gått opp frå Vengesdalen eller frå Åndalsnes.

Foto: Arnt Flatmo/www.westcoastpeaks.com

Det var like før klokka 18 fredag kveld at politiet vart kontakta av ein mann og ei kvinne på tur over Romsdalseggen i Rauma. Dei hadde gått seg bort og trengte hjelp for å kome seg ned.

Romsdalseggen er ei tinderekkje mellom Venjesdalen og Åndalsnes i Rauma kommune. Den 10 kilometer lange fjellturen er eit populært turmål.

Hovedredningssentralen sette inn eit Sea King helikopter i søket, men det viste seg å vere vanskeleg.

– Tåka er så tjukk at dei i helikopteret ser ikkje dei to personane, sa Tove Anita Asp ved operasjonssentralen til Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK like etter klokka 20. Helikoperet måtte seinare returnere på grunn av den dårlege sikten.

Den alpine redningsgruppa i Romsdal vart i staden sett inn i leitinga etter turistane og går til fots. Turistane er frå Belgia og har kontakt med politiet på mobiltelefon. Asp veit ikkje om dei to er fjellvande.

– Dei byrjar å bli kalde, men er elles ved godt mot. Dei er ikkje i fare, seier Asp.

Romsdalseggen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL