NRK Meny
Normal

Turistane strøymer til Møre og Romsdal

Reiselivet i nordvest opplever ein heftig turistsesong så langt i sommar. Dei klassiske stadane Trollstigen, Geiranger og Atlanterhavsvegen er svært populære, men turistane oppdager også andre stader.

mykje folk på Trollstigen

Både parkeringsplassen og stiane rundt Trollstigplatået er full av turistar som ønsker å sjå den ville naturen i Norge.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Andy Chang frå Taiwan har kome til Norge på ferie. Han har vore innom både Oslo og Bergen før han no har komme til Romsdal og Sunnmøre for å oppleve dei norske fjordane. No har han stoppa på Gudbrandsjuvet i Norddal og er imponert over det han ser.

Andy Chang,turist frå Taiwan på Gudbrnadsjuvet

Andy Chang frå Taiwan har komme hit for å oppleve naturen. Han blir imponert når man klarer å ta vare på naturen samtidig som man inviterer til besøk i den.

Foto: jannicke Farstad / NRK

– Eg kjem for å sjå naturen, seier han. Det som er så imponerande er at turismen her er knytt saman med den ville naturen utan at det øydelegg den. Det er vanskeleg, og det er noko eg synest vi kan lære av, seier han.

Gudbrandsjuvet

På denne installasjonen som er laga på Gudbrandsjuvet kan man oppleve elvegjela utan at man trakkar i naturen.

Foto: Terje Reite / NRK

Han er blant mange som har tatt turen frå Romsdal opp Trollstigen, køyrt over fjellet og er på veg ned til Valldal før han skal ta ferja vidare til Geiranger. Straumen av turistar går fram og tilbake og gjer at ein må rekne med at trafikken går seint i området. Det er denne dagen 14 grader i området, og været skifter raskt mellom sol og regn.

– Vêret er flott. Kunne ikkje ha vore betre. Det er behageleg å oppleve naturen og bevege seg rundt i slike temperaturer, seier turisten frå Taiwan.

Byrampen i Ålesund er populær blant cruiseturistene

– Ein heftig turistsesong

Reiselivssjef i Ålesund og Sunnmøre, Tom Anker Skrede, seier at reiselivet venta ein god sommar i år, og det har det også blitt.

Tom Anker Skrede

Tom Anker Skrede er glad for at store forventningar til årets sesong ser ut til å bli innfridde. Han opplever mykje positive tilbakemeldingar frå aktørar i området

Foto: Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

– Ein heftig turistsesong så langt. Ålesund by, Geiranger og Trollstigen er svært populære destinasjonar. Men no ser vi også at turistane spreier seg utover og blir lengre, det er svært gledeleg, seier han.

Også fungerande reiselivssjef i Visit Nordvest, Torunn Dyrkorn, har fått gode tilbakemeldingar frå aktørar i Romsdal og på Nordmøre.

Torunn Dyrkorn ved Atlanterhavsvegen

Reiselivssjef Torunn Dyrkorn seier at turistane som køyrer over Atlanterhavsvegen er meir nysgjerrige på området rundt enn tidlegare. Mange leitar etter ei skjult perle.

Foto: NRK

– Trollstigen og Atlanterhavsvegen er sjølvsagt svært populære, men vi opplever no at fleire vil oppsøke det som har vore litt meir skjulte perler. Spesielt Veiholmen, Innerdalen og Mardølsfossen er gode døme på plassar som før var mest besøkt og kjent blant dei lokale, men som no turistane har fått augene opp for, seier ho.

Må ta vare på rein natur

At dei varme sommartemperaturane har uteblitt så langt i sommar trur Tom Anker Skrede det stort sett er nordmenn som er opptatt av. Langt viktigare er det å ta vare på ryktet om at området kan tilby spektakulær og rein natur.

– Det er alfa og omega at vi held fram med å satse på eit grønt og berekraftig reiseliv, seier han. Vi må ta vare på den gava vi har fått frå naturen, da vil folk reise heim med ei positiv oppleving og komme tilbake, seier han.