Hopp til innhold

Kåra til Europas vakraste togreise - men turistane ser berre skog

Raumabanen er så attgrodd av skog at turistane ikkje får tatt bilete.

Raumabanen

Langs heile jernbanelinja gror skogen att. Turistane er misnøgde.

Foto: Leif Johnny Olestad

Raumabanen går mellom Åndalsnes og Dombås og på turen får turistane utsikt mot Trollveggen, som er den høgste loddrette fjellveggen i Europa. Men snart er Trollveggen og brua Kyllingbru det einaste turistane ser på vegen. Resten av strekninga er attgrodd av skog.

– Passasjerane sit klare med fotoapparata og så kjem det mykje skog som øydelegg biletet, seier marknadsansvarleg i NSB Dovre og Raumabanen, Terje Fossum.

Dei satsar stort på å tilby togreise til cruiseturistar som kjem i land.

LES OGSÅ:

Irritert og skuffa

Raumabanen og Trolltindene i Romsdal.

Raumabanen er kåra til Europas vakraste togreise.

Foto: Terje Rakke / Fjord Norge AS

Dei siste to åra har NSB utført kundeundersøkingar på Raumabanen og skogen er eit gjennomgåande tema. Likevel har ingen passasjerar bedt om å få tilbake pengane sine.

– Dei klagar ikkje, men eg ser dei er skuffa og irritert, seier Fossum.

Han trur turistane forstår at skogen er ein del av naturen, og at dette ikkje er spesielt for Raumabanen.

Fleire tar toget

I sommar har nærare 23.000 cruiseturistar nytta Raumabanen. Dette er ein auke på 35 prosent i høve fjoråret. Allereie no viser førehandsbestillinga for neste år ein kraftig vekst.

Terje Fossum

Terje Fossum forstår at turistane er skuffa. Han meiner skogen må ryddast.

Foto: NSB

– Forventingane til cruiseturistane er høge, og då må vi betre oss og få rydda bort skogen, seier Fossum.

Når turistsatsinga på Raumabanen starta i 2008 bidro NSB til å fjerne litt av skogen på dei mest prekære stadane. Den har grodd fort opp att.

Det er Jernbaneverket som har ansvar for skogen ved jarnbanelina, men mykje av skogen står på privat grunn. Fossum ser for seg at fleire aktørar må samarbeide.

– Ein ting er å ta ned skog, men det må også haldast ved like, seier Fossum.