Hopp til innhold

Slik skal turistane i Ålesund oppleve byen

Dei små elbilane finst allereie i Geiranger og Flåm. No får også turistane i Ålesund tilbod om å leige elbilar med lydguiding.

Elbilar i Ålesund

No kan turistane som kjem til Ålesund leige små elbilar for å oppleve byen på eiga hand.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det starta for to år sidan då turistbygda Geiranger fekk 25 små, grøne elbilar, slik at besøkande kunne kome seg rundt på eiga hand. Visjonen til selskapet eMobility, som leiger ut bilane, var at ein grøn fjord skulle ha grøne bilar. Bilane har plass til to personar, og er utstyrt med audioguiding på seks ulike språk. Seinare har 20 bilar kome til Flåm i Sogn og Fjordane og no satsar selskapet i Ålesund også.

– No føler vi oss klare til å gå ut i storbyen og då er Ålesund ein naturleg plass å starte, seier dagleg leiar i eMobility, Tomas Bakken.

Tomas Bakken i eMobility

Tomas Bakken i eMobility drøymer om å utvide tilbodet til heile Skandinavia.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Turistane skal smile

Erfaringane frå Geiranger og Flåm er at dei har treft med konseptet sporlaus ferdsel med eit smil. Mange smiler og vinkar når dei ser dei ørsmå, grøne bilane. Også sjølve guidinga dei får høyre undervegs er lest inn med humor, som får turistane til å dra på smilebandet.

I Ålesund er det utkikspunktet Fjellstova og Aksla det mange ynskjer å sjå. Den siste tida har debatten gått om kaotiske tilstandar på vegen opp til utkikspunktet. Bussane er mange og lange, medan vegen til Fjellstova er dårleg.

Når det grøne elbilane skal på tur i byen, trur Bakken er at det set større krav til sjåførane.

– Vi har sett opp ei endå ryddigare liste over kor tid bilane skal ut å køyre. Bilane køyrer i fastsette løyper, seier Bakken. Turistane kan velje mellom ei lang og ei kort løype.

Drøymer stort

Bakken håper at tilbodet skal bli utvida til heile Skandinavia ein gong i framtida.

– Eg er ikkje redd for å tenke større, men vi må å lære å krype før vi spring, seier Bakken.

Han seier at det ikkje er alle turiststader som er eigna til elbilane. Dei som køyrer bilane skal oppleve staden i eit roleg tempo. Då passar ikkje store byar med firefeltsvegar og rundkøyringar inn i konseptet.

– Vi har allereie interessentar i Bergen, så det kan vere at vi startar der neste år, seier Bakken.

El-bilar i Geiranger

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL