Hopp til innhold

På veg til Trollstigen og Preikestolen susar turistane forbi perler som dette

BJØRKE (NRK): – Reiselivet i Noreg manglar vilje til å marknadsføre dei små, unike stadene, hevdar reiselivsbloggar.

Marita Bett Aakre på Bakketunet i Hjørundfjorden

På Bjørke i Hjørundfjorden ligg eit av Noregs best bevarte gardstun med bygningar frå 1500-talet. Marita Bett Aakre på Bakketunet ønskjer seg fleire gjester.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mellom høge fjell og over den spegelblanke Hjørundfjorden plukkar Marita Bett Aakre gjerdesolhatt. Dei skal bli til dekorasjonar til neste helgs barnedåp. Ein familie ønskjer å bruke garden, med bygningar frå 1500-talet som ramme for høgtida når eit nytt barn har kome til verda.

– Her tek eg imot grupper, og her er arrangement. Men eg ønskjer også å utvikle garden i turist-samanheng, seier Marita Bett Aakre.

Bakketunet

Bakketunet ligg blant ville fjell inst i Hjørundfjorden på Sunnmøre. Husa er frå 1500-talet og tunet er eit av dei få, komplette, originale gardstuna i Noreg frå den tida.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ønskjer fleire besøkande

Sjølv midt i turistsesongen er det så stille på garden at vi kan høyre humlene surre blant raudkløveren. Lenger ute i fjorden duvar dagens hurtigrute med nesten 1000 passasjerar. I Geiranger, Briksdalen og Trollstigen står turistane i kø.

– Til no har vi hatt ope i helgane i juli. Men om dei lenger oppe i systemet blir med på det ønskjer vi å opne for endå meir, seier Aakre.

Marita Bett Aakre på Bakketunet

Marita Bett Aakre gjer seg klar til å ta mot fleire turistar på heimetunet frå neste sesong. Til no har ho teke imot grupper i bestemte opningstider.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Manglar lyst og evne til marknadsføring

Ein av Noregs fremste reiselivsbloggarar, Odd Roar Lange, løftar fram Bakketunet som ei av dei mange «skjulte perlene» i Noreg. Men destinasjonsselskapa prioriterer dei store turistmåla, hevdar han.

Odd Roar Lange

Odd Roar Lange driv reisebloggen The Travel Inspector.

Foto: Odd Roar Lange

– Reiselivet i Noreg manglar vilje til å marknadsføre dei små, unike stadene. Dei lyttar for mykje til reklamebyråa som mjølkar dei store attraksjonane, seier Lange.

– Næringa må endre fokus og vise fram og selje dei spesielle opplevingane. Verken Trollstigen, Geiranger, Preikestolen eller Besseggen har løysingar på problemet med overturisme. Samstundes blir det brukt millionar på marknadsføring for å få endå fleire turistar dit, seier bloggaren.

Trafikk Trollstigen

Om sommaren kan det vere svært tett trafikk i Trollstigen.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

– Ønskjer å spreie trafikken

Innovasjon Norge har reiseliv som ei av dei store satsingane sine. Reiselivsdirektør Bente Bratland Holm kjenner godt til kritikken frå Lange.

Bente Bratland Holm
Foto: Margunn Sundfjord / NPK

– Vi har mange «skjulte perler» i Noreg. Men dei store destinasjonane har arbeidd målretta i mange år og no får dei betaling for dette. Men vi må løfte fram dei unike perlene. Blir dei store destinasjonane overbefolka risikerer vi må misse omdømet, seier ho.

Ønskjer å satse

Fram til ho har Marita Bett Aakre hatt anna arbeid ved sidan av drifta av tunet. No ser ho om det er mogleg å halde tunet ope for eit større publikum.

– Eg ønskjer at flest mogleg skal få oppleve det. Mange får store auge og kosar seg når dei kjem hit. Av og til tenkjer eg at det er bra at dette tunet er ei «skjult perle». Det ligg noko eksklusivt i det. Dei som er genuint interesserte i norsk kulturarv vil nok finne fram hit. Men heiltidsdrift ville gjere alt mykje enklare, seier Marita Bett Aakre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL