Hopp til innhold

Turistane får ikkje do i sommar

Slik ser toalettet på eit av Noregs største turistknutepunkt ut. Krisepakken skulle løyse situasjonen. Men sommarturistane må framleis gjere frå seg i skogen.

Video nsps_upload_2009_4_29_20_20_45_4305.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gjennom tiltakspakken løyvde regjeringa to millionar kroner til utbedring av forholda ved fergekaia ved den nasjonale turistvegen.

Beklagar

Ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal beklager at dei nye toaletta ikkje kjem på plass. - Dette er uheldig. Men det har dukka opp problemstillingar undervegs, både i forhold til kiosken som står der, det må noko oppmåling til og prosjektet må tilpassast prosjektet med den nasjonale turistvegen, seier Ruset.

Krisepakke med komikkens skjær

Kritisk for trengande

Bjørn Inge Ruset

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Toalettforholda ved Linge fergekai var gjenstand for sterk kritikk i fjor. Strekninga mellom Linge og Eidsdal er inngangsporten til Geiranger, og i fjor fekk mange turistar eit dårleg inntrykk av tilhøva på Linge. Men, sjølv om ikkej to millionars-toaletta blir ferdige til årets turistsesong, lovar ordføraren at tilhøva skal bli betre alt til sommaren.

- Vi skal prøve å "freshe opp" i området der. Norddal kommune kjem til å stille opp frivillig for å prøve å friske litt opp. Statens vegvesen startar også arbeidet før sesongen verkeleg startar, slik at det visuelle blir betre. Så skal det også bli ei midlertidig toalettløysing, seier han.

Nederlandske turistar

Då vi var på Linge onsdag formiddag møtte vi ei gruppe nederlandske turistar. Dei kunne ikkje anna enn å skratte og le av synet som møtte dei då dei opna døra til toalettet. Knuste toalett og porselen strødd ut over golvet var noko anna enn det dei venta. - Terrible, kan vi høyre dei seie på nederlandsk-engelsk.

Turistar Linge ferjekai

Også i dag var det utanlandske turistar som hadde behov for eit toalett på Linge. Skogen vart redninga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ordføraren informerer på engelsk

NRK har intervju-avtale med ordførar Bjørn Inge Ruset, når den nederlandske turistgruppa kjem. Han må forklare seg på engelsk: - We have no toilet here, seier han. There is no toilets here. But we are going to build new toilets here. But unfortunate not now, seier han på klingande sunnmørsk-engelsk til turistane.

Ingangsporten til verdsarvområdet

Ferjesambandet Eidsdal - Linge er inngangsporten til Geiranger, sjølve kremen av det turist-Noreg kan tilby. Men dette er det som møter turistane som kjem frå heile verda. - Det er vesentleg viktig for oss å ha gode fasilitetar. Og dei nye toaletta må stå ferdig i løpet av året, seier ordførar Bjørn Inge Ruset. Krisepengane er løyvde i år og dei skal brukast i år, seier han.

Fergekø Linge-Eidsdal

Det er mykje turistar på ferjekaia på Linge. Men toalettforholda er elendige.

Foto: Rune Hansen / NRK