Hopp til innhold

Turde ikkje kome til Molde – takkar for pris via internett

Den anerkjende og kontroversielle varslaren Edward Snowden får i dag Bjørnsonprisen. Men han tør ikkje kome til Molde, og tar i mot prisen via videolink.

Edward Snowden på videolink til Europaparlamentet

Edward Snowden deltek på videolinje under prisutdelinga i dag. Her frå ei framføring i Europaparlamentet.

Foto: FREDERICK FLORIN / Afp

Aldri før har det stått ein tom stol på podiet under utdelinga av Bjørnson-akademiet sin pris. Men i år er prisvinnaren berre med via direkte videooverføring. Sjølv tør han ikkje kome til Molde for å ta imot prisen.

Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet.

Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet, trur Snowden kan kome til Noreg. Men ho veit ikkje når.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det er lett å forstå. Han kan ikkje kome til Noreg. Dersom han kom i dag eller i morgon ville han mest sannsynleg blitt utlevert til USA ganske raskt, seier presidenten ved Bjørnson-Akademiet, Hege Newth Nouri.

Norske styresmakter vil ikkje garantere at Edward Snowden trygt kan kome til Noreg, utan å risikere å bli pågripen.

Nouri seier at Noreg bør vise litt musklar ovanfor storebror USA.

– Det hadde betydd mykje for sjølvstende til Noreg. Vi skulle sagt at vi ikkje kneler for dei, men heller vel å snakke om ytringsfridom, personvern og overvakingsproblematikken. Det er mykje viktigare enn forholdet vårt til USA, seier presidenten.

– Trur du han nokon gong tør å kome til Molde og Norge?

– Ja, det gjer eg.

Den anerkjende og kontroversielle amerikanaren, avslørte i 2013 at USA har drive massiv overvaking av eigne statsborgarar og andre statar.

Han får prisen fordi "han gjennom sine avsløringer har vist hvordan den elektronisk integrerte informasjonsverdenen kan være en trussel mot personlig integritet, men også mot ytringsfriheten".

Nektar å garantere for tryggleiken

USA har tidlegare bedt Noreg utlevere Snowden dersom han kjem til landet.

Men SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell har fått lite støtte for sitt syn om å hjelpe Snowden, blant tungvektarane på Stortinget. Høgre sin Michael Tetzschner (H) har tidlegare sagt at dersom Snowden kjem til Noreg, bør han arresterast og utleverast til USA.

Også Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner det er vanskeleg om han som politikar skulle engasjere seg i eit slikt spørsmål.

På flukt i over to år

Snowden forlèt USA i mai 2013 med store mengder topphemmelege etterretningsdokument. Han hadde i fleire år arbeidd som datateknikar i CIA, og fekk etter kvart asyl i Russland. Amerikanske styresmakter meiner Snowden er ein spion.