- Les også:
– Han er såpass sjuk at han må avlyse konsertane sine i heile august, sa dagleg leiar i Momentium, Ante Giskeødegård, i slutten av juni.
Jahn Teigen skulle eigentleg spele klokka 19.30 laurdag under Jugendfest i Ålesund, men måtte kansellere på grunn av ein lei lungebetennelse.
Erstattar på kort varsel
I dag blei erstattaren sleppt, og det er svært kjende Turboneger som tek Teigen sin plass i Jugendfest-manesjen.
– Det er få artistar som kan erstatte showmannen Teigen, men på kort varsel har vi fått inn ein erstattar som står for underhaldning i ypparste klasse, seier Terje Erstad i Momentium.
I ei pressemelding omtalar bandet seg sjølv som verdas tredje beste band og som verdas største undergrunnsband.
Bandet spelar hardrock blanda med punk, og har gjeve ut til saman 13 album og EP-ar sidan oppstarten i 1989. Erstad i Momentium er klar på at bandet ikkje opererer i same sjanger som Teigen.
– Men kven veit? Ein ung Jahn Teigen hadde nok passa fint inn i Turboneger.
Teigen spelte i den progressive rockegruppa Popol Vuh på 70-talet.
Saka held fram under bildet.
Forelska i Nordvestlandet
I helga som gjekk spelte Turboneger under RaumaRock på Åndalsnes. Laurdag 17. august returnerer dei.
– Få andre norske aktørar leverer eit slikt show, slike rockehits og har ein så dedikert fanskare i ryggen som denne gjengen, seier Erstad i Momentium.
Bandet sjølv slår fast at dei gler seg stort til konsert i Ålesund, og vokalist Tony Sylvester har uttalt at han er forelska i Nordvestlandet.
– Bandet ser fram til å gi Ålesund ein solid leksjon i kva rock 'n' roll handlar om, seier Turboneger i ei pressemelding.