NRK Meny
Normal

Tunnelrenovering skapar trøbbel for billastane

Når Tresfjordbrua opnar neste månad får mange kortare veg til Austlandet, men nye utfordringar er like om hjørnet.

Når Tresfjordbrua åpner neste måned får mange kortere veg til Østlandet, men nye utfordringer er like om hjørnet.
To tunneler reonoveres, og det betyr nattestenging og kolonnekjøring i ett og et halvt år.

VIDEO: Nye utfordringar for yrkessjåførane. Det blir nattestenging både i Måndalstunnelen og Innfjordtunnelen. Foto/redigering: Roar Strøm.

For når arbeidet med Tresfjordbrua er fullført skal to nye tunnelar renoverast, noko som betyr nattestenging både i Måndalstunnelen og Innfjordtunnelen.

Ronny Saugestad, sjåfør i VD Transport, er ein av mange yrkessjåførar som sit fleire tusen timar bak rattet kvart år, og frakter varer frå Sunnmøre både hit og dit. Ofte blir det i alle fall to Oslo-turar i veka. Han er ein av dei som vil merke arbeidet med dei nye vegprosjekta.

– Nokre gongar er det litt frustrerande at du ikkje rekk så langt som du hadde tenkt, og andre gongar hender det at du ikkje får levert lasset i rett tid fordi du blir ståande å vente på grunn av vegarbeid, seier han.

Behov for utbetring

Halgeir Brudseth

Halgeir Brudeseth, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Roar Strøm / nrk

Når Tresfjordbrua er ferdig og Vågstrandstunnelen er på plass, er det forventningar til at alt skal normalisere seg etter mange år med rasfare og anleggsarbeid.

Men allereie neste vår startar Vegvesenet ei omfattande renovering av både Måndalstunnelen og Innfjordtunnelen.

– Vi må utbetre tunnelane i forhold til tunneltryggleiksforskrifta. Det betyr at vi må skifte ut det elektroniske anlegget og tryggingsutstyr og diverse i tunnelar, seier Halgeir Brudeseth, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Ventar reaksjonar

Arbeidet med tunnelane vil føre til nattestenging og kolonnekøyring frå våren av, og dette skal vare i eitt og eit halvt år. Stengetidene er ikkje klare, men vegvesenet ventar reaksjonar frå bedrifter og privatpersonar.

– Ja, men vi trur at vi skal kunne snakke godt nok saman slik at vi unngår at det blir negativitet rundt situasjonen, seier Brudeseth.

Han seier at dei vil gå i tett dialog med dei som vert påverka av stengetidene.

– No skal vi ha eit møte på fredag og så tek vi det derifrå, seier Brudeseth.

Ute på vegen får nyheita om stengde tunnelar dårleg mottaking. Dette skaper problem og forseinkingar i ein tøff kvardag med knappe tidsfristar.

– Det er ikkje noko kjekt å køyre lastebil og vere frustrert. Hadde dei kunne heldt på færre plassar samtidig så kunne det skapt litt mindre problem i trafikken, meiner Saugestad.