Tunnelen ferdig i februar

Arbeidet med å utbetre Valderøytunnelen blir ferdig i løpet av februar – og ikkje i desember som først planlagt. Årsakene til forseinkingane er samansette, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. Det blir fri ferdsel i både Valderøytunnelen og Godøytunnelen frå 22. desember til 1. januar. Utbetringa av Ellingsøytunnelen blir ferdig før jul, ifølgje vegvesenet.

Valderøytunnelen
Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen