Hopp til innhold

Tunnelbrann i Stranda

Brannen i Strekanetunnelen mellom Stranda og Hellesylt er no slokt.

Tunnelbrann Stranda
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Uskadd sjåfør

Sjåføren kom seg utskadd ut, då ein lastebil begynte å brenne i Strekanetunnelen på riksveg 60 i Stranda kommune. Politiet opplyser at det er så varmt inne i tunnelen at det ikkje er råd å opne han for trafikk igjen på fleire timar. Dermed er ei av hovudfartsårene mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane stengde. Brannen førte til så sterk varmeutvikling at fleire steinar har losna, og vegvesenet arbeidet tysdag kveld med å få utbetra skadane. Håpet er å kunne sende gjennom ei kolonne med bilar seint tysdag kveld.

Trudde det var sprengingsarbeid

Siri Mathiesen var på veg til Stryn på vinterferien saman med dei tre gutane sine tysdag ettermiddag, men måtte gjere vendereis.

- Vi trudde først det var sprengingsarbeid i området, men så kom den svarte, tjukke røyken, og då forsto vi at det var brann, seier ho. Trebarnsmora seier ho tenkte på brannfaren då ho køyrde gjennom den første tunnelen mellom Stranda og Hellesylt.

- Eg tenkte på kor dramatisk det brått kunne blitt dersom det skjedde noko her, seier Mathiesen. Nokre få hundre meter seinare, bak ein krapp sving, møtte ho så fleire lastebilar og personbilar som sto bom fast.

- Gutane mine gjekk ut og spurte kva som skjedde, då fekk vi vite at det var brann i tunnelen, seier ho.

Brannvesen og politi

Siri Mathiesen var vitne til at både brannvesenet, politiet og ambulanse straks kom til staden. Men deira framferd gjorde henne roleg.

- Dei virka så rolege, så eg skjønte at situasjonen ikkje kunne vere dramatisk, seier ho. Ifølgje Øystein Ljøen, som bur nokre kilometer unna tunnelen, såg han køar utanfor tunnelen. Siri Mathiesen og dei tre gutane venta tysdag ettermiddag på at tunnelen skulle opne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no