Hopp til innhold

Tunnelarbeidet må stanse

Arbeidstilsynet har gitt Vegvesenet pålegg om å stanse alt arbeid i Ålesundstunnelane som skjer samtidig med at trafikken går. Dette må gjerast innan kl. 24 fredag 8. desember.

Ellingsøytunnelen
Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet kjem til å starte arbeidet med å rydde og sikre arbeidsområdet i løpet av fredag. Laurdagen vil truleg gå med til dette. Når arbeidet er avslutta, blir det fri ferdsel i Ellingsøytunnelen med eitt køyrefelt i kvar retning.

Uakseptabel risiko

- Vi hadde eigentleg ikkje noko val, seier overingeniør Arne Valaker i Arbeidstilsynet. Dei meiner risikoen for arbeidarane er for stor til at tunnelarbeidet kan tillatast når trafikken går. - Den totale faren for sjukdom og ulykker er uakseptabel. Blant anna kan tunnelarbeidarane risikere lungesjukdommar, seier Valaker.

Han er overraska over at Vegvesenet valde ei løysing som innebar ein kombinasjon av arbeid og trafikk. Arbeidstilsynet har heile tida gitt uttrykk for at dette er ei løysing vi vanskeleg kunne godta, seier Valaker.

Klagar på vedtaket

Statens vegvesen er usamd i vurderinga til Arbeidstilsynet, og kjem til å klage på vedtaket. Vegvesenet vil vurdere eit endra arbeidsopplegg for tunnelarbeidet.

- Overraska

Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Vegvesenet seier han er overraska over pålegget frå Arbeidstilsynet. - Eg meiner vi har levert ein grundig rapport om miljøforholda i tunnelen, og at vi er i ferd med å setje i verk dei tiltaka som er nødvendige, seier han. Birkeland veit ikkje kor lang tid Arbeidsdirektoratet vil bruke på å behandle anken, og han kan førebels heller ikkje seie kva konsekvensane no blir for tunnelarbeidet og trafikken gjennom Ellingsøytunnelen.

Ikkje trygge nok

Dei to tunnelane mellom Ålesund og Valderøya blei opna i 1987. Dei tilfredsstiller ikkje dagens tryggleikskrav, og brannsjefen i Ålesund har pålagt Vegvesenet å rehabilitere dei.

Arbeidet starta i Ellingsøytunnelen i oktober/november. Til no har det på dagtid vore fri ferdsel når trafikken er størst om morgonen og ettermiddagen, elles har det vore kolonnekøyring. Noko seinare skal tunnelen etter planen bli nattestengd.

Arbeidet i Valderøytunnelen startar i mars 2007. Heile rehabiliteringsarbeidet skal vere ferdig i juli 2008.