Tunnelane er opne

Ålesundstunnelane er opne att etter trafikkuhellet på Kverve for ei stund sidan. Politiet melder at det framleis går føre seg arbeid på skadestaden og bed trafikantane om å vere merksame på dette. 3 personar blir køyrde til sjukehus for sjekk. To av dei er barn, éin er vaksen.