NRK Meny
Normal

Tunnel kan løyse korken i Ålesund

No kan det verte slutt på trafikkork i Ålesund sentrum. Private aktørar vil bygge tunnel under Brosundet.

Næringslivsaktørar som er lei av trafikkork vil legge pengar på bordet til bygging av ein tunnel under Brosundet i Ålesund. Mange flaskehalsar skaper store problem for trafikkavviklinga i byen. Ein privatfinansiert tunnel kan verte ei av løysingane.

Tunnel i Ålesund

Trafikken går i snegletempo over Hellebroa i Ålesund. Slik er det kvar dag, og
tolmodet er slutt blant dei som køyrer her til dagleg.

Tunnel til 360 millionar

Gudmund Hoel

Overarkitekt Gudmund Hoel i Ålesund kommune er glad for initiativet fra næringslivet.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Blant dei som er leie av trafikkork er næringslivsaktørane. Så leie er dei, at dei no vil legge pengar på bordet til bygging av ein tunnel under Brosundet i Ålesund.

Måndag ettermiddag vart formannskapet orientert om statusen for bypakken. Der vart det klart at dei private aktørane vil finansiere ein tunnel frå Ysteneset til Skutvika.

Overarkitekt Gudmund Hoel i Ålesund kommune er svært positiv til det private initiativet.

– Eg synest det er eit flott inititiv, eg. Vi veit kor fortvila situasjonen er, så her må det skje noko.

Ålesund

Den som skal køyre frå ytre bydel og gjennom Ålesund sentrum kan vente seg lange køar dersom ein køyrer i rushtida.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Full stopp i trafikken

Når arbeidsdagen er over er det nesten full stopp i trafikken igjen. No krev trafikantane at ting skjer. Ein av dei er bussjåfør i Nettbuss, Stig Åsland.

– Det er ganske vanskeleg å køyre her på Aspøya. Her er mykje kø, og Hellebroa er ein flaskehals som gjer det veldig vanskeleg for oss trafikkantar.

Leif Hovde

Leiar i Aspøy bydelsutval, Leif Hovde (KrF), er lei av trafikksituasjonen på Aspøya i Ålesund.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Framtidas trafikantar og bilistar kan håpe på betre tider. Om Fjordlaks, Liaaen og andre aktørar legg pengar på bordet, kan ein tunnel til 360 millionar kroner verte ein realitet.

– Det synest eg er spanande, for det fortel at folk som har bedrifter i ytre bydel er fortvila over situasjonen. Eg er sikker på at dei som stiller opp frå industrien meiner alvor, seier Leif Hovde (KrF), som er leiar i Aspøy bydelsutval.

Sjølv om næringsliv og private betaler gildet, meiner Hovde at det må bompengar til.

– Eg er nokså sikker på at dersom alternativa er å stå i kø i rushtida i 45 minutt eller å betale 10 kroner i bompengar, så betalar ein 10 kroner i bompengar.