NRK Meny
Normal

Tunge, men godt skodde

Vegvesenet er godt fornøgde med dei tunge køyretøya etter ein storbilkontroll dei siste dagane. Fleire har blitt flinkare til å ha på vinterdekk i tide, viser kontrollen.

Vegvesenet med kontroll av vogntog

Nesten 360 tunge køyretøy blei kontrollerte.

Foto: Statens Vegvesen

Dei tunge køyretøya blei stoppa på Horgheim i Rauma og Ørskogfjellet i Vestnes, og vegvesenet hadde særleg fokus på om vogntoga var rett skodde. Førre sesong blei krava til dekksutrustninga på tunge køyretøy skjerpa. Kontrollen markerte og inngangen til vintersesongen.

Nesten 360 tunge køyretøy blei kontrollerte. Det blei skrive ut 52 gebyr for manglar på vinterutrustninga på motorvogn eller hengar. Fire motorvogner mangla vinterdekk og fire tilhengarar det same.

Fleire har blitt flinkare

Vegvesenet med kontroll av vogntog

Vegvesenet er alt i alt fornøgde med kontrollen.

Foto: Statens Vegvesen

Vegvesenet er likevel fornøgd med utviklinga, og meiner fleire selskap og sjåførar har blitt flinkare til å ta omsyn til vinterføret.

Også køyre- og kviletid blei kontrollert og av dei 66 kontrollerte førarane var det 23 som hadde manglar.

Men kortversjonen i oppsummeringa frå Vegvesenet er at det var relativt få alvorlege brot som blei avdekte, sjølv om det var nokre tilfelle av overlast, dårleg lastsikring og manglande merking.