NRK Meny

Tunge på labben i Romsdal

Utrykkingspolitiet har sjekka farta på bilistar også i Malmefjorden og på Bolsøya. Under kontrollen i 80-sona på fylkesveg 64 på Bolsøya, fekk åtte bilførarar forenkla førelegg. Høgste målte fart var 103 km/t. Ein fekk forenkla førelegg for å ha mobiltelefon i handa under køyringa, og ein fekk gebyr for manglande beltebruk. I Malmefjorden sjekka UP farta i ei 60-sone og der blei også åtte bilførar huka. Høgaste farta der var 78 km/t.