Ein salatkvast ligg på ei lekker skjerefjøl. Ei kvinne klipper den høgtideleg i to.
Dermed er det første hydroponisk vertikale dyrkingsanlegget med kunstig lys i Noreg opna.
– Eg er ein bybonde som dyrkar der ingen skulle «tro» at noko kunne gro, fortel Tugushan Alp.
No kan bygartnaren produsere 25 000 salathovud i månaden. LED-lysa har han utvikla sjølv – dei kan endre farge til meir raud eller blå.
I HØGDA: Det er arealeffektivt å dyrke oppetter veggane.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKVille gjere det betre sjølv
Som niåring i Istanbul byrja han å dyrke. Men i ein 16-millionarsby er det knapt med dyrkbar jord. Snart krabba guten rundt i rundkøyringar og midtrabattar i dei trafikkerte gatene – og hausta sjølvsådde reddikar.
Alp utdanna seg innan hotell, og livet førte han til alpane rundt Molde. Men det var ein ting han ikkje var nøgd med her i landet: Salaten.
– Viss du er så misnøgd, får du dyrke sjølv da, sa ein salatleverandør.
LANGSIKTIG: I over ti år har Alp forska seg fram på lys, varme, vatn og ulike planteartar.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK«Av vatn er du komen»
Plantene kjem ikkje av jorda. Hydroponisk tydar at røtene veks i rennande vatn.
– Tenk Babylons hengande hagar. Eller slik dei dyrkar i sumpområde og elvedelta rundt i verda, seier Alp.
Ein del er likevel endra frå stordomstida til Babylon, Mespototamia, Eufrat og Tigris.
IKKJE ROTLAUS: Sjølv om den er jordlaus, er crispisalaten langt frå rotlaus.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKTreng jamn straum av straum
I Molde har dei kontrollert lys og varme. Salaten pustar til vanleg ut 95 prosent av vatnet den tar til seg. Det meste av dette blir samla inn av avfuktarar og sendt tilbake.
Han brukar 85–90 prosent mindre vatn. Næringsstoffa blir sirkulert. Inga sprøytemiddel. Det er kortreist.
– Dermed taper smaken seg mindre og haldbarheita blir lenger, hevdar Alp.
– Kva er ulempa da?
– Alt må jo fungere.
Ein må passe på at straumen og LED-lampene står på. Gartnaren har heldigvis sikra seg fastavtale på straum – sertifisert som fornybar energi.
– Og kva er målet?
– Det er å få ned importen av salat i Noreg. I dag har det meste av salaten som seljast her på vinteren reist langt.
INDUSTRI: Bygartnaren har nett flytta frå eit bomberom til eit industriområde i Molde.
Foto: Webjørn S. Espeland / NRKDavid Attenborough
Over ti år har Alp jobba seg frå kjellaren sin til eit bomberom i eit parkeringshus – og no til det største og mest moderne anlegget i Noreg.
Sissel Torre, professor i biovitskap ved universitetet på Ås, peiker på fordelane med denne type dyrking – som at ein kan dyrke mykje på liten plass.
Ho meiner at grønsakene produsert på denne måten skal vere like sunne og med like høgt innhald av mineral, vitamin og næringsstoff som plantar dyrka utandørs eller i veksthus.
– Ved hjelp av lyskvaliteten kan ein i stor grad bestemme kva planten skal innehalde. Ein kan få planten til å produsere vitamin, seier professor Torre.
SALATKLIPPING: Statsforvaltar i Møre og Romsdal Else May Norderhus klipte høgtideleg den første salaten.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKStatsforvaltar Else May Norderhus klipte av salatrøtene da ho opna anlegget i Molde. Samtidig nominerte ho bygartnaren til ein regional klimapris.
– Det er litt David Attenborough over dette, sa Norderhus. Naturfilmlegenda har lenge vore opptatt av byjordbruk.
Akkurat som Tugushan Alp.
GRØN: Grøn glede – for dei som likar salat.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK