Trygge relasjonar er suksessfaktor

Ei medviten satsing på å bygge trygge relasjonar i den vidaregåande skulen gjer at fleire fullfører utdanninga. Atlanten vidaregåande skole i Kristiansund var den første skulen i fylket som innførte ei ordning som blir kalla "makkerskap" for fire år sidan. No har fylket vårt flest skular med i denne ordninga. Leiar for elevtenesta ved Atlanten, Rune Nordhaug, seier skulen har svært gode resultat etter at dei starta med dette prosjektet.