NRK Meny

Truslar, bråk og uro

Politiet melder om fleire tilfelle av ordensuro i løpet av natta. I Ålesund er ein mann i slutten av tenåra meldt for truslar mot politiet. Her blei også ein mann i 40-åra innbrakt for ordensuro. Tre personar som nekta å gå frå ein utestad blei bortviste frå sentrum. Og også i Molde blei ein mann bortvist for ordensuro.