Hopp til innhold

Truslar og vald største årsak til personalskadar

Talet på tilsette som blir skadde på jobb aukar i Helse Møre og Romsdal. Den mest talrike enkeltårsaka til personalskadar i helseføretaket er vald og truslar om vald.

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus er den største institusjonen i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

I tala som blir presenterte for styret i Helse Møre og Romsdal i eit telefonmøte fredag neste veke går det fram at stadig fleire skadar seg på jobb i helseføretaket. Det er rapportert 374 personalskadar i 2016. Dette er 138 fleire enn i året før.

Heile 41 prosent av dei registrerte skadane har kome som følgje av truslar om vald eller faktisk, påført valdsskade. Det vil seie at Helse Møre og Romsdal hadde om lag 150 slike tilfelle i 2016.

Personalskadar
Foto: Helse Møre og Romsdal

Helsepersonell handterer ofte både spisse og kvasse gjenstandar. Dermed er stikk og kuttskadar den neste kategorien på lista. Skadar i samband med fall, samanstøyt og transport utgjer ein forholdsvis liten del av skadane.

Men også klemskadar og velt på sykkel har fått eigne oppføringar i statistikken.

Samstundes som helseføretaket opplever ein auke i talet på personalskadar, har føretaket også ein liten auke i sjukefråveret. Sjukefråveret var på 7,9 prosent, og det aller meste av dette er fråvær med sjukmelding frå lege.

NRK har førebels ikkje fått innhenta kommentarar frå Helse Møre og Romsdal når det gjeld talet på skadar som har oppstått i samband med vald og truslar om vald.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL