– Det var eit forferdeleg leven her i natt. Eg gjekk ut for å sjekke, men såg ingenting fordi det var for mørkt, men i dag tidleg fann eg tre døde lam rett ved fjøsveggen, fortel sauebonden til NRK.
Trur det var ulv
Fleire folk meiner dei har observert ulv i Sunndal og Oppdal i helga, og Svisdal trur difor det er ulven som har vore på ferde i saueflokken hans i natt, fortel han til adressa.no.
– Det var observert ulv 500 meter frå garden her natt til måndag.
- Les:
Etter at han fann dei tre døde lamma med det same han sto opp, fann han seinare tre til. Dermed har han mista seks lam i løpet av natta.
– Eg har aldri opplevd noko slikt før. Det er tøft. Eg trudde ikkje eg skulle reagere så sterkt, men etter ein månad med lamming og lite søvn, går det veldig inn på meg, seier sauebonden til NRK.
Blir granska
Statens naturoppsyn er på garden for å granske dei døde lamma. Lokal rovviltkontakt Eistein Grødal seier til NRK at alt tyder på at det er ulven som har gått til åtak.
– Vi har ikkje sett to strek under svaret enno, men det ser ut til at det er ulven som står bak, ja, seier han.
Pål Svisdal håper det blir gitt fellingsløyve om det no er ulven som har gått til åtak på flokken.
– Det er tøft å halde på døgnet rundt i ein månad med lamming, og så blir dei drepne når vi endeleg slepp dei ut, seier han.