NRK Meny

Trur Rindal får flytte fortare

Ordførar Ola T. Heggem har fått ny tru på at Rindal snart kan vere ein del av Trøndelag. Sidan kommunen søkte om overflytting har den hamna mellom to stolar, og lite har skjedd. Heggem har vore i møte med kommunalminister Monica Mæland. Ordføraren seier dei fekk positive signal og at ho ønskjer fortgang. Kommunestyret, fylkeskommunane og Stortinget har sagt ja.

Ola T. Heggem i Senterpartiet, ordfører i Rindal
Foto: Trond Vestre / NRK

Flere nyheter fra Møre og Romsdal