Hopp til innhold

Trur norske påsketradisjonar gjer at folk ikkje går i kyrkja

Katolsk prest Ole Martin Stamnestrø omtalar påskegudsteneste som eit «heilagt teater». Han trur bakgrunnen for lågt kyrkjebesøk i den norske kyrkja er norske tradisjonar.

Pater Ole Martin Stamnestrø - portett katolsk pater

Prest Ole Martin Stamnestrø skal gjennom 33 gudstenester i påska.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– På den eine sida er det nok at det å gå i gudsteneste ikkje er fullt så viktig i protestantisme som for oss katolikkar, seier Stamnestrø til NRK.

Han er prest i den katolske kyrkja Vår Frue kirke i Ålesund og har ei svært aktiv påsketid.

Heile 33 store og små gudstenester skal presten gjennom i kyrkja på Nørvesund i Ålesund, mellom fredagen før palmesøndag til og med andre påskedag.

Det er langt meir enn i den norske kyrkja, der mange kyrkjebenkar står tomme i påska. Påska, som blir sett på som den viktigaste kristne høgtida, skaper derimot fulle kyrkjer i dei katolske kyrkjesamfunna i Noreg.

– Det er nok noko med dei norske påsketradisjonane med å reise på hytta. Ein har mange fridagar på rad og ein reiser bort med familien, svarer Stamnestrø vidare på spørsmål om kvifor ikkje fleire i den norske kyrkja går i påskegudstenester.

Ole Martin Stamnestrø

Stamnestrø seier til NRK at besøket i den katolske kyrkja er stort i påska.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Opplever dramatikken

Stamnestrø tener 17 kommunar på Sunnmøre saman med Waldemar Jachymczak frå Polen, med messer på norsk, polsk og engelsk. Med snart 4300 medlemmar, frå ei lang rekkje land, blir kyrkja full så å seie heile påska.

– Kvar gudsteneste har sitt særpreg. Liturgien tek oss gjennom Jesu liding, død og oppstandelse. Dei som kjem til kyrkja er ikkje avhengige av at eg finn på noko nytt og spennande kvart år, liturgien hjelper oss til å oppleve dramatikken i høgtida.

Presten seier at dei frammøtte skal føle at dei blir tatt gjennom palmesøndagen saman med Jesus, innstifting av nattverd og at Jesus vaskar føtene til disiplane.

– Vi skal vere saman med han på langfredag når han blir korsfesta og døyr, og vi er saman med han i oppstandelsen – ei dramatisk gudsteneste påskenatta, seier Stamnestrø til NRK.

– Det er eit heilagt teater vi opplever i kyrkja, desse tinga skjer rett framfor oss. Vi har mange visuelle verkemiddel, vi har musikken, noko som gjer det veldig levande for oss, fortel han vidare.

– Brutal bodskap

Stamnestrø meiner kristendomen ikkje hadde vore til om Jesus ikkje stod opp frå dei døde.

– Dette er noko som bryt med alle våre erfaringar, sprengjer alle våre kategoriar, det er ei hending som er noko heilt anna. Det er det brutale som ligg i bodskapen – at døden faktisk ikkje har siste ord, at det finst noko meir, seier presten.

Sjølv om den katolske kyrkja opplever stor pågang i påska vil ikkje Stamnestrø gi råd til andre kyrkjesamfunn.

– Men det er vel ei menneskeleg erfaring at vi treng meir enn ord, vi treng å ta bodskapen innover oss også med bruk av dei andre sansane gud har utstyrt oss med, trur den katolske presten i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL