Trur på vidare vekst i fylket

– Møre og Romsdal vil fortsatt oppleve ein sterk vekst i den olje- og gassrelatert verksemda i fleire år framover.

Det seier professor i økonomi ved Høgskulen i Molde, Arild Hervik.

Under jazzgass-konferansen teikna han det han meiner er eit sannsynleg bilete i 2020.

Det var eit bilete prega av optimisme og sterk vekst i sysselsettinga.

Hervik trur ikkje krisa i Europa vil skape problem fordi det er sannsynleg at Asia vil oppleve ein sterk vekst.