NRK Meny

Trur på tidleg oppstart i 2018

Frp-politikar Frank Sve har god tru på at arbeidet med å sikre fylkesvegen mellom Eidsdal og Geiranger mot skred kan kome i gang tidleg neste år. Mellom anna blir det bygd ein 4,4 kilometer lang tunnel til kring 700 millionar kroner mellom Korsmyra og Indreide for å sikre trafikantane frå snøskred. Det er brei politisk semje om prosjektet, og mange har venta på at denne vegen skal bli skredsikra.