NRK Meny
Normal

Trur på semje om oljeutvinning

Stortingsrepresentant Else May Botten (AP) trur partiet kan bli samde i spørsmålet om oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Else-May Botten

Stortingsrepresentant for AP Møre og Romsdal trur partiet vil klare å samle seg om ei løysing når det gjeld oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Foto: Roar Strøm / NRK

Så langt har det vore stemning i partiet for ei konsekvensutgreiing, men fleire fylkeslag er i ferd med å snu. Oljedirektoratet har anslått at der finnast 1,3 milliardar fat olje i dette havområdet.

Else May Botten, som sit i programkomiteen, meiner det er mogleg å finne ei løsning.

– Her er det ein balansegang mellom sårbare område som ein skal ivareta og kva moglegheiter ein har for oljeutvinning framover.

Landsmøte

Om Arbeiderpartiet går inn for ei konsekvensutgreiing eller ei skal opp på landsmøtet i april og Botten ser ikkje vekk frå at eit kompromiss kan verte løysinga.

– Eit kompromiss vil vere fornuftig for alle partar. Det kan samle heile partiet og gjere at vi finn ei god løysing som vi kan vedta på landsmøtet.

Kan løysinga vere å konsekvensutgreie berre delar av området?

– Ja, det meiner eg absolutt. Då må ein sjå kvar dei mest sårbare områda er og kva område det er størst potensiale for å finne olje.

Les også:

– Vanskeleg sak for alle parti

Arbeiderpartiet er no splitta i synet på om ein skal konsekvensutgreiie eller ikkje, men Else May Botten vil ikkje kalle det for ei uro i partiet.

Oljeboring

Eit kompromiss kan bli løysinga for Arbeiderpartiet når det gjeld konsekvensutgreiing av oljeutvinning i nord.

Foto: NRK
Fiskebåtar Lofoten

Mange av områda i nord er svært sårbare.

Foto: NRK

– Eg vil heller kalle det engasjement. Det er klart at vi har merka at dette har blitt ein diskusjon i fylkeslaga. Det er viktig for oss å få landa dette på ein god måte som ivaretek alle interesser.

Botten peikar på at det blir tenkt både på industri, nye arbeidsplassar og inntekter til staten, samtidig som at det er viktig å ivareta sårbare naturområde.

– Kvifor trur du at det er så månge fylkeslag som er i ferd med å snu?

– Ein er bekymra fordi det er mange sårbare område der. Vi er eit stort parti og det er eit stort engasjement når det gjeld denne saka, men eg er trygg på at vi kjem til å gjere gode vedtak på vårt landsmøte.

– Eg trur dette er ei sak som er vanskeleg for alle parti. Vi i Arbeiderpartiet har funne gode løysingar på vanskelege politiske spørsmål tidlegare og det er eg heilt sikker på at vi kjem til å gjere no også.