NRK Meny
Normal

Trur på seier borte mot Mjøndalen

Hødd-keeper Aslak Falch trur på 2–0 når dei møter Mjøndalen på bortebane onsdag kveld. Dermed kan dei vere eit steg nærare mot cupeventyret.

Aslak Falch i cupkamp mot Staal

Hødd håpar å kunne sigre over Mjøndalen på bortebane onsdag.

Foto: Ragnhild Ås Harbo

Målvakta for dei blå- og kvitkledde har ambisjonar framfor cupkampen mot Mjøndalen onsdag kveld.

Eg trur vi vinn, elles hadde det ikkje vore vits i å stille opp, seier Falch.

Men de møter eit sterkt lag?

Ja, men vi slo dei på bortebane i fjor, og dei har ikkje skifta ut så mange spelarar, så vi har trua, seier han.

Tre kampar onsdag kveld

Heile tre lag frå Møre og Romsdal kjempar i dag om å gå vidare frå den fjerde runden i NM-cupen for menn.

  • Molde tek imot Kvik Halden klokka 18.00
  • Kristiansund BK møter Viking klokka 19.00
  • Hødd spelar borte mot Mjøndalen klokka 19.00

Gjekk til topps i 2012

Hødd gjekk heilt til topps og slapp den ultimate cupbomba då dei vann cupen i 2012.

Trass i at Hødd-keeper Aslak Falch vart utvist mot Sandnes Ulf søndag, stiller han til start i kveld, ettersom karantenen ikkje gjeld for cupen.

Vi må gå knallhardt ut frå start og gjere det vi har vore gode på tidlegare i sesongen. Det hjelper å ha ein klar struktur og vere defensive.

Kva blir resultatet?

2–0.

Laster innhold, vennligst vent..