NRK Meny
Normal

Trur Kristiansund vil sikre opprykk

Den tidlegare Kristiansunds-trenaren Geir Bakke har stor tru på at sin gamle klubb vil rykke opp til eliteserien.

Geir Bakke

Geir Bakke leia Kristiansund BK frå 2012 til 2014. Han har klokkartru på at dei kjem til å rykke opp til Eliteserien etter denne sesongen.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

Bakke, som leia klubben frå 2012-2014, meiner at laget ser veldig solid ut.

– Dei har blitt litt og litt betre for kvart år som har gått, seier han.

Den tidlegare KBK-trenaren meiner at noko av suksessen skuldast at ein har greidd å bygge opp ei god ramme rundt laget.

– I tillegg har dei fått på plass ein moderne stadion som er tilrettelagt for dagens fotball og det å drive profesjonelt. Og det er flinke folk det er snakk om, seier han.

– Stor prestasjon

Kristiansund BK tronar sterkt på toppen av tabellen etter å ha spelt 23 av sesongens 30 rundar. Med 48 poeng ligg dei fem poeng framfor Sandefjord som ligg på 2. plass.

I fjor var KBK med å kjempa om ein plass i eliteserien og var berre få poeng unna direkte opprykk. Dei enda til slutt på 3. plass etter tap i playoff-kampen mot Ranheim.

Kristiansund BK- Hødd

Tidlegare KBK-trenar Geir Bakke meiner at KBK ligg godt an til å rykke opp til Eliteserien denne sesongen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Det som står att no er å få pumpa opp byen. Dei må forstå for ein prestasjon dette er, seier Bakke.

Han både trur og håpar at KBK kan halde oppe dei gode resultata resten av sesongen.

– Dei ligg ganske greitt på toppen av tabellen no. Det er nokre lag bak som prøvar å bite dei litt, men spelemessig så føler eg at laget har vore så solid denne sesongen at dei skal kunne dra dette i land, Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..