Hopp til innhold

Trur på ny spennande yachtmarknad

Bedrifta ligg strategisk plassert i Dragsund industriområde midt mellom Fosnavåg og Ulsteinvik. Vegen til kommunegrensa er kort, det same er turen til Kleven verft i Ulsteinvik der den første av to yachtar er under bygging.

MarinTeknik i Herøy trur på ny marknad for robust yacht

Richard K.Gjerde t.v og Svein Rune Gjerde i Marin Teknikk framfor yachten som alt er sjøsett ved Kleven. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Det er Marin Teknikk i Herøy som har designet på dei to yachtane som milliardæren Graeme Hart frå New Zealand får bygd. Den første avtalen vart gjort i mars 2013, den andre no nyleg.

No trur adm.dir, Svein Rune Gjerde, at det kan opne seg ein ny marknad som ein spin-off på desse to kontraktane med Hart.

– Vi ser at denne måten å tenke yacht på er der heilt klart ein marknad for.

I følgje Svein Rune Gjerde har dei fått fleire førespurnader etter at yacht-saka dukka opp første gong.

– Det er mange som kan tenke seg å gjere noko anna eller å ligge i ro i Monaco. Dei vil ut for å oppleve plassar som ikkje er å så vanlege å vere på. Til det treng ein eit meir robust fartøy, som denne yachten med sitt spesielle design.

Baugen på yachten som ligg ved Kleven

Baugen på yachten som ligg ved Kleven.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tilfeldig e-post

Kontakta mellom Graeme Hart og Marin Teknikk kom via ein litt tilfeldig e-post i 2012. Richard K.Gjerde er salsdirektør, og han seier dette utvikla seg fort. Dei vart inviterte til New Zealand og fekk oppretta god kontakt med Hart og familien hans.

Det viste seg at Hart hadde gjort eit grundig forarbeid. Han hadde fått sjekka ut fleire leverandørar og landa altså på Marin Teknikk. Når det så i tillegg vart eit lokalt verft, Kleven, som fekk oppdraget med å bygge skipa var det ein fullkomen lokal suksess.

Richard trur det er viktig at både dei, Kleven og underleverandørane har framstått som ærlege og vist at dei greier å gjere ein skikkeleg jobb.

Den første yachten skal leverast i juni neste år. Den andre, eit år etterpå.

Nyleg vart den første yachten sjøsett og ligg no ved kai på Kleven i Ulstein for utrusting.

Yacht-kopi

Modell av yachten er plassert i lokala til Marin Teknikk i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK