NRK Meny

Trur på brei støtte

Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord frå Høgre håpar å få fleirtal for 10 millionar kroner i planleggingsmidlar til nytt soningssenter på Sunnmøre. Det planlagde soningssenteret skal ligge på Digerneset, men det er førebels ikkje løyvd ei krone. KrF har i sitt alternative budsjett lagt inn 10 millionar kroner, og Tennfjord meiner planane er i ferd med å få brei støtte.

Dag Olav Tennfjord
Foto: Trond Vestre / NRK