Etter kommunevalet i 2011 fekk Høgre heile 15 av ordførarane i Møre og Romsdal – ti på Sunnmøre, fem i Nordmøre og Romsdal.
Målet er å kome opp på same nivå neste år, seier Vegsund, som og er ordførar i Sula.
Han meiner Høgre står like sterkt kommunalpolitisk i år som for tre år sidan.
– Ja, absolutt. Vi trur det er meir å gå på når det gjeld Nordmøre og Romsdal, men ambisjonane er i det aller minste å forsvare den posisjonen vi fekk etter førre kommuneval.
Les og:
Nøgd med 34 prosent
Det blei 36,8 prosent oppslutning for Høgre sist gong det var val her til lands i 2011. Torgeir Dahl kunne då ta over ordførarstolen som ein av heile femten Høgre-ordførarar i Møre og Romsdal.
– Offisielt er vi veldig nøgd med 34 prosent, men om vi fer 35 eller over er vi kanonnøgd. Det er det vi går for, sa Dahl den gongen.
No startar den tøffe jobben med å kopiere suksessen frå 2011, denne gongen etter å ha sete i regjering og varsla store endringar for Kommune-Noreg.
Vegsund er optimist.
– Det er veldig viktig for oss å ha mange Høgre-ordførarar i fylket. Det er noko vi vil legge vekt på no i tida framover mot 2015.