NRK Meny
Normal

– Vi kan klare å løyse problemet

Konsernsjefen i Ulstein-gruppa, Gunvor Ulstein, er sikker på at den maritime klynga i Møre og Romsdal, kan finne løysingar på å rydde opp plast frå havet.

Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulsteingruppa, meiner at problemet med plast i havet må løysast internasjonalt.

Foto: Ulstein Group

Etter at det vart funne 30 plastposar i magen på ein sjeldan kval utanfor Bergen, har det den siste tida vore stort fokus på plast i havet. Kvart minutt hamnar det minst 15 tonn plast i havet på verdsbasis, og det skaper store utfordringar for fisk og dyr i havet.

Forsøplinga var tema då regjeringa la fram havstrategien sin tysdag.

Konsernsjef i Ulsteingruppen, Gunvor Ulstein, meiner utfordringa må takast på høgste alvor. Ho synest det er eit godt prinsipp at den som står for forureina også må betale, men det betyr at ein må finne ut kven som står bak.

– Eg er heilt sikker på at i den maritime klynga i Møre og Romsdal, i nært samarbeid med NTNU, skal vi klare å løyse problemet. Vi må bli samde internasjonalt om kven som skal betale og så skal vi vere der med løysingane, meiner Ulstein.

Grunn til bekymring

Karl Almås

Seniorrådgivar i SINTEF, Karl Almås, seier at det verkelege problemet er mikroplasten som ein ikkje ser.

Foto: Trond Vestre / NRK

Seniorrådgivar i SINTEF, Karl Almås, seier at det er all grunn til å bekymre seg for plasten i havet.

– Etter mitt skjønn er plastforsøpling det største problemet vi ser i dag innanfor våre havområdet. Vi kan starte med å prøve å stoppe utslepp og utvikle materiale som er biologisk nedbrytbare, seier Almås.

Han meiner at vi også kan utnytte ledige båtar og fiskeriteknologi for å samle søppel. Eit selskap i Vanylven er allereie i gang med planane om å bruke offshorefartøy i opplag til jobben. Regjeringa har løyvd 30 millionar kroner til frivillige som plukkar søppel.

Omdømeproblem

Almås understrekar at det verkelege problemet er plasten ein ikkje ser. Plasten vert brote ned til mikropartiklar og noko snarleg løysinga på det problemet finst enno ikkje, meiner seniorrådgivaren.

– I Noreg har vi ein marin og maritim tradisjon, som gjer at vi framfor nokon har evne til å stå fram med ingeniørbaserte løysingar for å få gjort noko med problemet, seier Almås.

Han trur Noreg som sjømatnasjon kan få eit omdømeproblemet.

– Vi veit allereie at dei som driv med skjeloppdrett har eit omdømeproblem, fordi det er påvist at der er opptak av plast. Vi har endå til gode å sjå at mikroplastpartiklane går ut i musklar og blodbanen på fiskeslaga vi produserer, men vi skal ikkje sjå bort frå at det er tilfelle, seier Almås.