Måndag 8. august 2016 er det 20 år sidan Trude Espås blei drepen i Geiranger. Etterforskinga for å prøve å finne kven som sto bak er den mest omfattande og kostbare i norsk kriminalhistorie, men har ikkje gitt resultat.
Politimeister Ingar Bøen i Møre og Romsdal har inga tru på at ny DNA-teknolgi kan hjelpe dei.
– Det trur eg ikkje det har, sidan vi ikkje har ein fullverdig DNA-profil av gjerningsmannen, seier Bøen.
Les også:
Ny teknologi gir nytt håp i gamle saker
Trude Espås kom til Geiranger for å jobbe på Hotel Union. Ho blei drepen etter berre ei veke i turistbygda.
Foto: NTB scanpixI fjor sommar klarte politiet til slutt å ta 38-åringen som sto bak drapet på Kristin Juel Johannessen 16 år tidlegare. Nye metodar gjorde at politiet kunne å påvise DNA-et til den drapssikta 38-åringen på den drepne jenta sine fingerneglar.
Dette har skapt håp for gjenopptaking av fleire uoppklarte saker.
Men problemet i Espås-saka er at det ifølgje politiet ikkje fins noko fullverdig DNA. Politiet fann mellom anna hår frå ein annan person, men klarte ikkje å få fram ein komplett DNA-profil, på grunn av at kvinna hadde ligge i over 11 døgn i ein uvanleg sommarvarme. Det hadde øydelagt eventuelle spor etter den som sto bak.
Ber Kripos om hjelp
- Nyleg blei det kjent at politiet i Møre og Romsdal ber Kripos om hjelp til etterforskinga. Politimeister Ingar Bøen seier dei trur det kan vere nyttig at friske auge ser på den omfattande etterforskinga. Han har framleis håp om at dei skal finne ut kven som sto bak drapet for 20 år sidan.
– Vi har framleis eit håp om at saka skal bli oppklart, dersom ikkje, hadde vi aldri gjort dette.
Les også: