Hopp til innhold

Meiner flyktning-ønsket blir vanskeleg å innfri

Kommunane i fylket vil få problem med å innfri flyktning-ønsket frå UDI. Det meiner fylkesleiar i Kommunesektorens Organisasjon (KS), Knut Støbakk.

Knut Støbakk

Knut Støbakk trur kommunane både i Noreg og Møre og Romsdal vil få problem med å innfri UDI sine ønskje.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tidlegare i år har Utlendingsdirektoratet (UDI) bedt kommunane om å ta imot til saman 1600 flyktningar dei neste tre åra.

KS-fylkesleiar Støbakk meiner det ikkje skortar på vilja, men på evna.

– Eg trur nok det er vilje ute i kommunane til å hjelpe så godt ein kan, men eg trur nok det er evna det skortar på, seier han.

Han viser til at det trengst både oppfølging og administrasjonsressursar i dei respektive kommunane.

– I tillegg er det som går på bustadar ein hemsko, meiner Støbakk.

4500 manglar bustad

Til no i år har 350 flyktningar blitt busette i Møre og Romsdal, noko som er færre enn venta.

– Med den takta kommunane har no, så trur eg det skal bli vanskeleg å følgje opp ønsket frå UDI, seier Støbakk.

KS oppmoda i førre veke alle kommunar i Møre og Romsdal om å skaffe hus og heim for fleire flyktningar enn dei 350 som har fått bustad så langt.

I alt sit 4500 flyktningar på asylmottak i Noreg fordi dei manglar ein stad å bu.