Hopp til innhold

Trur fleire vil gjere som Else

Etter at Else Hilleren Borvik som arbeider som sjukepleiar ved Molde sjukehus, vann fram med krav om full stilling, trur sjukepleiarforbundet at fleire vil prøve sine saker i Tvisteløysingsnemda.

Guri Måseide

Guri Måseide er fylkesleiar i sjukepleiarforbundet. Ho trur fleire kjem til å prøve sakene i Tvisteløysingsnemda i framtida.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes

Else Hilleren Borvik opplevde å verte saksøkt av arbeidsgjevaren sin, Helse Nordmøre og Romsdal, då ho fekk medhald i nemnda om at ho hadde krav på full stilling.

Fylkesleiar i sjukepleiarforbundet, Guri Måseide, seier saka er viktig for andre.

– Eg trur at det vert motiverande for andre å prøve sine saker i Tvisteløysingsnemnda framover, seier fylkesleiaren.

– Omlag 40 prosent av alle sjukepleiarar som arbeider deltid, ønskjer å jobbe fulltid, påpeikar Måseide.

Les også: Ba om auka stilling- vart saksøkt

Else Hilleren Borvik

Else Hilleren Borvik vart saksøkt av sin eigen arbeidsgjevar.

Foto: Omar Sejnæs

Trakk søksmål

I går kunne NRK fortelje historia om Else Hilleren Borvik som er ufrivillig deltidsarbeidande. Ho søkte om å auke stillinga si, då arbeidsgjevaren Helse Nordmøre og Romsdal lyste ut tre nye stillingar. Ho fekk avslag, men klagde saka inn for Tvisteløysingsnemda. Her fekk ho medhald i at ho hadde krav på full stilling. Arbeidsgjevaren på si side, meinte at dette førte til så store ulemper for dei at dei ville prøve saka for retten. Hilleren Borvik vart overraska.

Helse Nordmøre og Romsdal trakk i går søksmålet og ga i staden Hilleren Borvik full jobb

Vil leggje til rette

Administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal, Bjørn Engum, seier at dei også ynskjer å tilby fulle stillingar til så mange som muleg.

Bjørn Engum

Bjørn Engum, administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Foto: Omar Sejnæs

– Reint praktisk må ein leggje til rette for å endre noverende deltidsstilling til heil stiiling, seier Engum.