Hopp til innhold

Trur det blir mindre snoking i Skattelistene

– Eg vil be folk om å tenke seg om to gongar før dei går inn og sjekkar sjefen, seier avdelingsdirektøren i Skatt Midt-Noreg. Per Helge Rise trur det blir færre søk i Skattelistene no når ordninga ikkje lenger er anonym.

Per Helge Rise

MINDRE SNOKING: Per Helge Rise trur det blir mindre snoking i skattelistene no når ordninga ikkje lenger er anonym.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / nrk

Allereie frå 2011 blei det slutt på søk i skattelister via nettaviser, for å unngå kommersiell bruk av opplysningane. Då byrja Skatteetaten med ei ny ordning der du framleis kunne sjekke dei du ville, men berre dersom du logga deg inn på Skatteetaten sine nettsider. I år får du også vite kven som har søkt på deg.

Stortinget har nemleg bestemt at det frå og med inntektsåret 2013 skal det loggførast kven som søkjer i skattelistene på skatteetaten.no. Det betyr at personen du søkjer på får opplysningar om at du har søkt på han eller henne og tidspunktet søket skjedde på. Ditt namn, fødselsår, postnummer og poststad vil også komme opp i ein eigen fane.

Per Helge Rise, avdelingsdirektør i Skatt Midt-Noreg seier at den nye ordninga skal bidra til å styrke vernet rundt skatteytarane sitt privatliv, i tillegg til å hindre kommersiell utnytting.

– Det er også slik at mange tykkjer det er ubehageleg at andre går og «snokar» i inntekta og formuen deira, seier Rise.

No er det også innført 16 års aldersgrense for å få søkje i skattelistene, og du kan berre sjekke ligninga for maksimalt 500 personar per månad.

Trur på ei redusering

Totalt 204 575 skattytarar bidrog med over 20 milliardar kroner i skatt i 2013. Tala er basert på førebels skattetal frå Skattedirektoratet. Det er likevel viktig å huske at ikkje alle tala er endelege, og kan bli endra som følgje av blant anna klager på likninga.

– I fjor var det nesten 900 000 enkeltpersonar som var inne å søkte i listene. I tillegg blei det totalt registrert 16,5 millionar søk, seier han.

No trur Rise at talet på dei som søkjer på kvarandre vil bli kraftig redusert i år.

– Eg vil be folk om å tenke seg om to gongar før dei går inn og sjekkar sjefen, naboen eller kollegaen fordi dei legger igjen eit spor slik at den som blir sjekka kan sjå kven som sjekkar dei, seier Rise.

– Det er klart at vi både håpar og trur det blir ei redusering i år, held han fram.

Mindre offentlegheit

Skatteetaten forklarer offentlegheita til skattelistene med samfunnet sin kontroll med likningsarbeidet og vurderingar av enkeltpersonar og grupper av skattytarar. Rise meiner den nye ordninga er ei god løysing.

– Vi må verne om privatlivet til skatteytarane samtidig som det er viktig at det framleis er ein viss offentlegheit rundt skattelistene, seier han.

Eit av argumenta for offentlege skattelister har blant anna vore at hemmeleghaldet kan skape spekulasjonar rundt arbeidet med likninga. Rise trur derimot ikkje at mindre offentlegheit rundt skattelistene er eit problem.

– Pressen får framleis tilsendt skattelistene så eg trur ikkje det blir eit dilemma. Eg trur at dei fleste av desse 900 000 som er inne og sjekkar gjer det på grunn av personlege interesser, seier han.

Det har skjedd ei kraftig utvikling i digitaliseringa av skattelistene. Tidlegare måtte ein vitje det lokale skattekontoret for å lese skattelistene. I dag tek imot nærare tre millionar nordmenn informasjon om skatteoppgjeret sitt elektronisk. Rise meiner utviklinga har vore ein suksess.

– Det fører til meir effektiv behandling, meir automatisering, betre utnytting av ressursar og tidlegare skatteoppgjer, seier han.