NRK Meny
Normal

Trur det blir eit kanonår for fiskerinæringa

Fiskerinæringa har lagt eit godt år bak seg, med gode prisar og auka eksport for fleire fiskeslag. Den gode trenden vil halde fram i 2015, trur analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea.

Sløyd skrei

Etter fleire år med låge fiskeprisar vart dette året tidenes torskeår.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Kolbjørn Giskeødegård

Kolbjørn Giskeødegård er analytikar i Nordea. Han spår at 2015 vert eit kanonår for fiskerinæringa.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Etter fleire år med låge fiskeprisar vart dette året tidenes torskeår. Statistikken til og med november viser at eksportverdien på torsk auka med 25 prosent i høve same perioden i fjor. Også fiskeslag som laks, makrell, hyse og sei har hatt ei positiv prisutvikling.

– Når prisane på torsk og makrell stig kraftig gjennom året, så sit både fiskaren og dei på land att med gevinst. I år har det vore ei broderleg fordeling, seier analytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea.

Torsk på billegsal

Dei siste fem åra har kvotane på torsk auka og fiskarane har dermed måtte gå ned i pris for å få selje fisken.

– Lågare prisar betyr at fleire vil kjøpe torsk. I 2015 går kvotane ned med 100.000 tonn og marknaden vert strammare. Dermed snur prisane, ifylgje analytikaren.

LES OGSÅ:

Importforbod

Giskeødegård prata med fleire silde- og makrelleksportørar i august, som frykta at det ville bli ein vanskeleg haust på grunn av Russlands importforbod av fisk. Då han prata med dei same eksportørane i november var tonen ein annan.

– Dei var heilt forundra over at det hadde gått så bra. Hausten vart mykje betre enn venta og fisken vart selt til andre marknader, seier Giskeødegård.

Bra utsikter

Analytikaren trur 2015 vert eit bra år for fiskenæringa på grunn av den svake norske krona. Det betyr at norske produkt som skal seljast i utlandet blir billegare.

– Vi trur 2015 vert eit kanonår for dei fleste bransjar innan norsk sjømat, seier Giskeødegård.