Hopp til innhold

Trur dei færraste kjenner til 12-års aldersgrense

Erfarne brannfolk trur dei færraste veit at det er 12 års aldersgrense for stjerneskot. Dei fryktar at mange småbarn får leike med dei brennvarme fyrverkeria no i nyttårshelga.

Det finnes både sikre og usikre klær til bruk på nyttårsaften.

Stjerneskota er eitt av dei aller mest populære fyrverkeria blant småbarnsforeldre. Sidan dei verken smell eller fyk av garde i rekordfart, har dei tradisjonelt vore rekna for å vere meir passande for småungar.

Men erfarne brannfolk åtvarar på det sterkaste.

Branningeniør Stian Farstad

Branningeniør Stian Farstad ved Molde brannvesen oppfordrar folk til å bruke vernebriller og ullkle nyttårskvelden.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Det blir veldig varmt, det blir opp til 1000 grader i flammen, og sprutar, så det er fort gjort å få gnistar inn på auga eller på lettantennelege kle, seier branningeniør i Molde brannvesen, Stian Farstad.

Les også:

Augeskadar kvart år

øyeskade

Denne pasienten ved Førde sentralsjukehus var mellom dei 17 som fekk augeskadar av fyrverkeri på nyttårskvelden i fjor.

Foto: Augeavdelinga Førde Sentralsjukehus / NTB scanpix

Berre i fjor fekk 17 personar augeskadar etter bruk av fyrverkeri nyttårskvelden. Ifølgje Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er det ikkje berre uforsvarleg, men også forbode å gje fyrverkeri til mindreårige.

Farstad trur dei færraste er klar over aldersgrensene for bruken av stjerneskot: 12 år for dei minste og 18 år for dei største. Berre under spesielle omstende er det lov å fråvike frå dette.

Då skal det vere ein vaksen som observerer heile tida, seier han.

Les også:

Oppmodar folk om å ta på ull

Farstad meiner at det er all grunn til å halde oppsyn med bruken av dei tilsynelatande harmlause stjerneskota. Han minner om at svært mange klesplagg raskt begynner å brenne dersom dei kjem borti den varme flammen.

– Særleg syntetiske kle og akrylbaserte kle skal ein ikkje ha på ungane på nyttårsaftan. Ta på dei ull, det tek ikkje like godt fyr, seier han og legg til at vernebriller og ullvottar også høyrer med.