Hopp til innhold

Trur dei dystre tidene i industrien snur

BRATTVÅG (NRK): I dag får statsministeren klar beskjed frå dei tilsette i den utsette maritime næringa: – Vi nektar å gi opp.

Christian Gjøsund på kaia på Rolls Royce, Brattvåg

Christian Gjøsund er tillitsvald ved Rolls-Royce i Brattvåg. Mange i konsernet har mist jobben det siste året. Gjøsund trur likevel at det blir betre tider.

Foto: Remi Sagen / NRK

På kaia på Rolls-Royce i Brattvåg køyrar truckane fram og tilbake i solskinet. Medan det før låg store stablar av ferdige vinsjar, girkasser og motorar som skulle sendast til i inn- og utland, har etterspurnaden frå offshoremarknaden blitt betydeleg mindre.

– Vi kjem frå ei tid då det tikka inn ordrar på ankerhandteringsfartøy kvar månad, i hundremillionerklassen. No er det berre å kike ut gjennom vindauget, så ser dei fleste kor alvorleg situasjonen er, seier tillitsvald Christian Gjøsund. Langs heile kysten ligg offshorebåtane til kai, utan oppdrag.

Sluttpakkar til alle

I Rolls-Royce Marine har arbeidsstokken krympa i takt med dei tøffe tidene. Sidan 2015 har rundt 500 tilsette mista jobbane sine. Alle har fått tilbod om sluttpakkar og fristen for å svare går ut i dag. 200 stillingar skal bort i Noreg.

– Stemninga er prega av situasjonen i bransjen. Det har vore ei tøff tid med nedbemanningar og vi har meir i vente, seier Gjøsund. Han trur likevel at dei dystre tidene sakte, men sikkert, vil snu.

Ottar Antonsen ved Rolls-Royce Brattvåg

Plassjef Ottar Antonsen ved permanentmagnet-motoren, som er under produksjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Er optimistisk

Plassjef på Rolls-Royce, Ottar Antonsen, viser stolt fram den siste nyvinninga til bedrifta, som er ein elektrisk motor.

– Vi har trua på framtida. Vi veit at jorda er dekt av 70 prosent sjø og det kjem til å skje mykje på havet framover. Der skal vi vere i front, seier Antonsen.

Same dag som Rolls- Royce-tilsette må svare om dei frivillig vil gå frå jobbane sine, kjem statsminister Erna Solberg (H) til Haramskonferansen, som handlar om omstillingar.

– Det er viktig at statsministeren forstår at den næringa vi er ein del av, er viktig for Noreg, seier Antonsen.

Leigearbeidarane forsvann

Vebjørn Krogsæter ved Vard Brattvåg

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter, (Sp) trur styrken til Haram er den høge kompetansen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Haram er den største industrikommunen i Møre og Romsdal, der halvparten av dei sysselsette jobbar i den maritime industrien. Arbeidsløysa er på nær fem prosent og mange av leigearbeidarane frå utlandet har flytta heim. I Brattvåg står braggeriggane der dei budde, tomme.

– Vi ser det i gatebildet at leigearbeidarane er borte. Før kunne 20 prosent av bilparken i Haram ha framande skilt. Det ser vi ikkje no, seier ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp). Han står ute på gata i kommunesenteret Brattvåg og høyrer hamrelydar frå skipsverftet Vard. For han er det som musikk i øyra at der er aktivitet, sjølv om det er mest reparasjonsarbeid.

Trass lite ordrar er ordføraren optimistisk på vegner av den maritime næringa.

– Vi har høg kompetanse og er verdsleiande på mange område. Eg trur den kunnskapen vil hjelpe oss gjennom skiftet, seier Krogsæter.

Brakker i Brattvåg

For få år sidan var det vanskeleg å skaffe nok bustader til alle leigearbeidarane i Haram. Løysinga vart brakkeriggar. I Brattvåg står dei tomme.

Foto: Remi Sagen / NRK