Hopp til innhold

Trur budsjettet blir svært krevande

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) trur arbeidet med 2019-budsjettet blir svært krevande. I dag heldt han sin årlege tale til fylkestinget der regionreforma og økonomien var sentrale tema. Møre og Romsdal fylkeskommune har eit av dei svakaste netto driftsresultata blant fylkeskommunane og må skyve på fleire viktige prosjekt. Aasen meiner politikarane må vere budd på å måtte prioritere i neste års budsjett.

Jon Aasen
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL