Hopp til innhold

Trur at dei eldste tar sluttpakkar i Rolls-Royce

Framtida til 1800 arbeidsplassar er usikker etter at alle Rolls-Royce-tilsette fekk tilbod om sluttpakke. Arvid Tomren (66) trur dei eldste takkar ja til tilbodet.

Arvid Tomren

Arvid Tomren er ein av dei tilsette i Rolls-Royce Marine som kjem til å be om sluttpakke.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

På Rolls-Royce på Longva går produksjonen som vanleg, men samtaletemaet blant mange tilsette er sjølvsagt beskjeden dei har fått om ytterlegare nedbemanningar.

I løpet av 2017 skal inntil 800 seiast opp i Rolls-Royce Marine. 1800 har fått tilbod om sluttpakke.

Arvid Tomren (66) såg for seg å jobbe til han vart 70 år, men innser at det kanskje ikkje går. Han kjem til å søke sluttpakke.

– Mest truleg er det dei som er 62 år og oppover som søker om sluttpakke. Dei som er yngre har ikkje rett til AFP, seier Tomren. Han trur det er vanskeleg å få ny jobb for dei eldste.

– Dei som er 30 år kan få ny jobb dersom dei har riktig kompetanse, seier Tomren.

Skal ikkje legge ned

Bjørn Kåre Høistad

Klubbleiar Bjørn Kåre Høistad kryssar fingrane for betre tider.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

På klubbkontoret sit Bjørn Kåre Høistad. Han minnast godt sin aller første dag i Rolls-Royce som montør. Det var 5. januar 1981. Gjennom desse åra har arbeidsstokken gradvis auka på Longva, med 200 på det meste. Sidan 2015 har konsernet kutta rundt 500 arbeidsplassar i Noreg, om lag 35 av desse på Longva.

– Bedrifta er sårbar for desse svingingane som vi no ser. Vi kryssar fingrane for at det går over, seier Høistad.

Han har fått mange spørsmål om heile avdelinga skal leggast ned, sidan alle tilsette har fått tilbod om sluttpakkar. Sjølv er han trygg på at Longva skal bestå. Det er ingen indikasjonar på at bedrifta skal flyttast eller leggast ned. No håper han kutta skal skje frivillig gjennom sluttpakkar,

– Eg fryktar det kjem ei bølge etterpå, der det kjem oppseiingar fordi ein ikkje klarte ta alt med sluttpakkar, seier Høistad. Han innrømmer at han sjølv også fryktar for jobben sin.

Jenny Sylte

Jenny Sylte fryktar ikkje at ho har tatt feil yrkesval, sjølv om marknaden er tøff no.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Trur det snur

Jenny Sylte har vore ved avdelinga på Longva i snart fem år trass sin unge alder. Først var ho TAF-elev, deretter lærling. Før jul tok ho fagbrevet. Ho håper å få bli verande ei stund til før ho tar til på studia som automasjonsingeniør. 20-åringen trur ikkje ho satsar på feil yrke, sjølv om tidene er dystre.

– Eg trur det kjem til å ta seg opp att. Det blir ikkje slik i all evigheit. Om nokre år snur det, seier Sylte optimistisk.