Begge bankane er store arbeidsgjevarar i Molde, og Berg meiner det ikkje er tvil om at ei samanslåing vil føre til at ein del bankarbeidsplassar i byen vil måtte forsvinne.
Forundra
Gjennom Berg Jacobsen-gruppen er Berg med på å eige rundt 10% av aksjane i Fellesbanken. Han er overraska over at Fellesbanken no er i ferd med å forlate sjølvstendelinja som dei har snakka om heile tida under Sparebank 1 Midt-Norge sine oppkjøpsforsøk.
Bodkrig
Det ligg no an til bodkrig mellom Sparebanken Møre og Sparebank 1 Midt-Norge i kampen om å få makta i Fellesbanken. Det er ei god melding til aksjonærane fordi prisen aukar, seier Erik Berg.