Hopp til innhold

Trur Aalesund skal rett opp att i Eliteserien

Sjølv om Aalesund vann mot Strømsgodset, heldt det ikkje. Laget rykker ned og supporterane er lei seg. – Vi skal berre vere eitt år i Obosligaen, trur supporter Solgunn Fallgren.

Thea Valderhaug (f.v.), Amalie Fiskerstrand og Helena Fiskerstrand på Aalesund-kamp

Thea Valderhaug, Amalie Fiskerstrand og Helena Fiskerstrand var fortvila over at Aalesund rykte ned.

Foto: Frode Berg / NRK

Fleire enn vanleg hadde tatt turen for å sjå skjebnekampen til Aalesund. Det vart ein grøssar av ein fotballkamp og supporterane gjekk frå jubel til fortviling fleire gongar i løpet av dei 94 minutta kampen varte.

Aalesund måtte ha minst like godt resultat som Sogndal for å sikre kvalifiseringsplassen. Medan Aalesundsspelarane kjempa på bana, gjorde Sogndal sitt ytste for å slå Vålerenga. Heile fem gonger undervegs i den siste serierunden bytta dei to laga plass på tabellen.

Leiar for supporterklubben, Jostein Hjeldnes, var svært nervøs under kampen.

– Vi må berre stå på til krampa tar oss, sa Hjeldnes.

Jostein Hjeldnes i Stormen jublar for mål

For Jostein Hjeldnes vart kampen ei berg og dalbane-oppleving.

Foto: Frode Berg / NRK

Skal rett opp att i Eliteserien

Då det var spelt 70 minutt var Aalesund på kvalifiseringsplass, men så kom det tre scoringar frå Sogndal og håpet forsvann.

– Dette er berre så trist. Eg hadde unnt Trond og heile laget kvalifiseringsplass, seier Solgunn Fallgren, som var på kamp med familien.

Ho er sikker på at Aalesund skal kjempe seg rett opp att i Eliteserien og skal halde fram med å gå på kampar, sjølv om dei spelar i Obos-ligaen neste sesong. Helene Fiskerstrand var på kamp med venninnene og dei var skuffa.

– Vi hadde eit lite håp om at dei skulle klare seg, seier Fiskerstrand.

Åshild, Solgunn og Silje Fallgren etter Aalesund-nedrykk

Åshild og Solgunn Fallgren trur Aalesund kjempar seg tilbake til Eliteserien.

Foto: Frode Berg / NRK

Drastiske endringar

I Stormen-leiren var stemninga dyster etter kampen

– Det er tungt. Det er rett og slett heilt forferdeleg. Det kjennest ut som eg har mista nokon, seier Jostein Hjeldnes.

Han meiner at både spelarane og supporterane trengde eit stikk i sida, som fører til drastiske endringar. Kanskje er det greitt å gå ned i divisjon og ordne problema, meiner han.

– Vi må lage ein god langsiktig plan, seier Stormen-leiaren. Også han trur at Aalesund kjem opp att i Eliteserien etter eitt år.

Ikkje trekke seg

Trenar Trond Fredriksen var tydeleg prega etter kampen då han møtte journalistane.

– Eg har ikkje tenkt å trekke meg og meiner at eg er rette mann til å føre klubben direkte opp igjen, seier Fredriksen.

Han var stolt over det spelarane leverte i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL