Men krav om CO2-reinsing kan føre til at bygginga ikkje vil svare seg, fordi reinseanlegg kan bli svært kostbare.
Miljøstiftinga Zero meiner tvert om at eit konvensjonelt gasskraftverk ikkje vil vere lønsamt, sjølv utan CO2-reinsing, på grunn av høge olje- og gassprisar.
Zero meiner gasskraftverket berre kan svare seg dersom klimagassen frå eit gasskraftverk blir fanga opp og brukt for å drive ut meir olje frå oljebrønnane på sokkelen.