Hopp til innhold

Mykjer tyder på utsetjingsforslag i morgon - berre to i styret seier klart nei

Mykje tyder på at det kjem eit forslag om å utsetje sjukehussaka på styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag. Dagen før seier berre to styremedlemer klart nei.

Styret i Helse Møre og Romsdal 2014

Styret i Helse Møre og Romsdal kan kome til å utsetje sjukehussaka onsdag. Berre to seier klart nei til det på førehand.

Foto: Helse Møre og Romsdal/montasje

Det er berre timar til styret i Helse Møre og Romsdal skal behandle saka om kvar det nye sjukehuset i fylket skal byggjast. Mykje tyder på at det kan kome eit utsetjingsforslag på bordet under styremøtet, som startar klokka 10 på Quality Hotel Waterfront i Ålesund.

Les også:

Kirsti Slotsvik

Kirsti Slotsvik ønskjer ikkje å utsetje saka når styret i Helse Møre og Romsdal behandlar saka onsdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Berre to av ni styremedlemer seier klart nei til eit utsetjingsforslag.

Eg kan ikkje sjå kva vi oppnår med å utsetje saka, seier Kirsti Slotsvik, som sit i styret, og er utnemnt av Helse Midt-Noreg. Ho seier at dersom saka først blir utsett, blir det ei lang utsetjing, og meiner det ikkje tener saka.

– Dersom vi skal vere med å meine noko om saka, er det no det gjeld, slår ho fast.

Her er dei som skal avgjere saka:

Berre to seier klart nei

Kirsti Slotsvik, som er direktør i Kystverket, får støtte frå Svein Anders Grimstad, som også er utnemnt av Helse Midt-Noreg. Heller ikkje han ønskjer noko utsetjing i styremøtet i Ålesund onsdag.

– Eg vil føretrekkje at vi behandlar saka no, og trur ikkje det vil føre til noko positivt om saka blir utsett, seier Grimstad. Han er kommunelege i Sunndal.

Kan stoppe sjukehussaka

Terje P. Hagen

Professor Terje P. Hagen trur ikkje styret i Helse Midt-Noreg kjem til å behandle saka, dersom styret i Helse Møre og Romsdal utset saka onsdag.

Foto: NRK

Professor Terje P. Hagen ved Universitetet i Oslo har tidlegare uttalt at Helse Møre og Romsdal har avgrensa makt. Men han seier styret i Helse Midt-Noreg neppe vil behandle saka, dersom styret i Helse Møre og Romsdal skulle vedta utsetjing onsdag.

Dersom det blir fleirtal i det lokale styret for utsetjing, vil eg tru at også det regionale styret utset saka, kort og godt for å skape ro. Det å gå på tvers av det lokale styret vil skape ytterlegare uro rundt saka, seier Hagen.

Men han strekar under at dette er heilt opp til styret i Helse Midt-Noreg sjølv. Han seier at styret i Helse Midt-Noreg kan behandle saka sjølv om det lokale styret ikkje gjer det.

Også helseminister Bent Høie har tidlegare sagt at han vil avgjere saka endeleg fredag, dersom dei to styra behandlar saka onsdag og torsdag.

Taust frå Sevaldsen

Trine Sevaldsen

Styremedlem Trine Sevaldsen har tidlegare sagt at ho vil foreslå å utsetje saka i styremøtet onsdag. No vil ho ikkje kommentere om ho framleis står på sitt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Sist veke gjekk Trine Sevaldsen, som er styremedlem og tilsett-representant i Helse Møre og Romsdal, ut og sa ho ville fremje eit utsetjingsforslag onsdag. Få timar før avgjerda i sjukehussaka skal takast er ho taus. Ho vil ikkje svare på om ho står ved forslaget sitt.

– Det vil eg ikkje seie noko om, de får sjå i morgon. Eg må vurdere om det har noko for seg, seier Sevaldsen no.

Dei siste dagane har helseminister Bent Høie gjentekne gongar sagt at han ikkje vil utsetje saka, trass i dei sterke protestane i forhold til prosessen.

Nestleiaren held korta tett til brystet

Også nestleiar i styret, Petter Bjørdal, er forsiktig med å seie noko før styremøtet onsdag. Han omtalar sjukehussaka som den største saka i fylket på fleire tiår, og seier det skulle berre mangle om folk engasjerer seg. Men om han vil støtte eit eventuelt utsetjingsforslag, vil han ikkje kommentere.

– Eg kjenner meg sikker på at det kjem eit utsetjingsforslag, men vil ikkje seie om eg støttar det, seier Bjørdal.

Knut Ivar Egset, som er tilsett-representant, vil ikkje kommentere om han støttar eit eventuelt utsetjingsforslag. Det vil heller ikkje Torbjørg Vanvik. Det har ikkje lukkast NRK Møre og Romsdal å få kontakt med styreleiar Stein Kinserdal og styremedlem Charles Austnes.

Tre avgjerande dagar

Styret i Helse Møre og Romsdal behandlar sjukehussaka onsdag, styret i Helse Midt-Noreg gjer det same torsdag, og fredag har helseminister Bent Høie sagt at han tek si endelege avgjerd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL