Onsdag hadde fleire etterkommarar av motstandsfolk møte med advokat John Christian Elden. Dei vurderer søksmål mot forfattar Marte Michelet og Gyldendal viss ikkje boka blir trekt tilbake.
– Vi har fått klarsignal til å gå vidare med saka. Vi vil at Gyldendal skal korrigere openberre feil i boka, seier advokat Elden etter møtet. Han meiner det er grunnlag for eit injuriesøksmål mot forlaget.
Ytring: Historieforfalskninger rammer Gyldendals omdømme
– Djupt urettferdig
På veg inn til møtet hevdar Jens Christian Hauge Jr. at Michelet feilaktig har hengt ut faren.
Påstandane til dei pårørande stemmer ikkje, seier forfattar Marte Michelet til avisa Sunnmørsposten.
Foto: BERIT ROALD / NTBHan er son av Jens Christian Hauge, som var leiar for motstandsgruppa Milorg under krigen. Etter krigen var Hauge forsvarsminister og var sentral då norsk tungtvatn vart seld til Israel som ein del av atomvåpenprogramma deira.
– Det er djupt urettferdig. Foreldra mine var jødevenar, hos oss var det «jews could do no wrong».
Hauge Jr. meiner at forfattaren har utelate vesentleg informasjon for å vinkle boka i ei bestemd retning.
– Det er mykje å reagere på. Michelet trur på det ho skriv, men det er ikkje nok å tru. Når ein tar nokon ned frå pidestallen må ein vite betre, seier Hauge.
Sonen til Jens Christian Hauge var ikkje aleine på møtet. Der var også barnebarnet til Gunnar «Kjakan» Sønsteby, barnebarn av biskop Eivind Berggrav og sonen til Ragnar Ulstein. Etter møtet vil etterkommarane at Elden skal kommentere på deira vegner.
Elden seier dei har grunnlag for rettslege skritt, men håpar at saka blir løyst utanfor domstolane.
Meiner jødane blei svikta
Boka «Hva visste hjemmefronten?» som kom i 2018 har skapt stor debatt. 773 jødar blei deporterte frå Noreg under andre verdskrig. Berre 38 overlevde.
Michelet har utfordra den heroiske framstillinga av den norske heimefronten, og meiner at dei svikta jødane. Boka viser at antisemittiske haldningar var utbreidd før og under krigen. No har debatten om boka blussa opp att etter tre historikarar i ei eiga bok tar eit oppgjer med kjeldebruken og framstillinga til Michelet.
Hevdar boka har grove feil
Anders Ulstein er son av krigshelten og forfattaren Ragnar Ulstein, som døydde i fjor. Ulstein reagerer sterkt på påstandane som kjem fram i boka til Marte Michelet. Også faren var kritisk til boka før han døydde, og meinte Michelet ikkje hadde skjønt historia.
Anders Ulstein er son til motstandsmannen Ragnar Ulstein. Han er kritisk til boka til Marte Michelet og ynskjer at den skal bli trekt tilbake.
Foto: Remi Sagen / NRK– Boka er full av grove feil og dette er ei bok som blir ståande både på bibliotek og pensumliste. Vi kan ikkje ha det slik at biletet vi har av krigen blir snudd på hovudet, seier Anders Ulstein.
Faren hans brukte store delar av livet sitt til å fortelje om krigen og han føler boka er eit frontalangrep mot historia.
Dei etterlatne skriv i ein kronikk at boka skuldar fedrar og bestefedrar for å ha svikta jødane med vilje.
Forlaget kjenner seg ikkje igjen
Gyldendal forlag seier at det gjer inntrykk på dei at dei etterlatne vurderer å gå rettens veg, men forlaget er trygge på at dei har gjort eit godt arbeid med boka.
– Det er ei skildring som vi ikkje kjenner oss igjen i. Dette er eit arbeid som forfattar og forlag har arbeidd med i mange år, og vi held fram dette arbeidet på grunnlag av dei nye kommentarane og innspela som no er komne i denne debatten. Dersom det er feil i boka, vil vi sjølvsagt rette opp dei feila.
NRK har gitt Marte Michelet høve til å svare på kritikken. Ho viser til forlaget for kommentarar om søksmål.
Ho skreiv i ein e-post til Sunnmørsposten tysdag at påstandane til dei pårørande ikkje stemmer. Sjølv opplever ho at motboka frå historikarane gir eit forvrengt bilete av kva ho har skrive, ifølge avisa.