– Skuffa
Talsmann for brannmannskapa, Lars Petter Næss, seier kommunen ikkje vil forhandle fordi mannskapa ikkje er organiserte og han er skuffa over korleis kommunen møter kravet.
– Har ikkje plikt
Thomas Sandvig er personalrådgjevar i Tingvoll kommune. Han stadfestar at kommunen ikkje har plikt til å forhandle med det dei meiner er uorganiserte.
Kallar inn til møte
Han vedgår at kommunen også har plikt til å oppretthalde det frivillige brannvesenet. Difor vil dei no imøtekomme kravet til mannskapa og kallar inn til eit møte for å løyse konflikta.