Hopp til innhold

Trugar å rive Svinøy fyr

Kystverket trugar med å rive dei gamle fyrbygningane på Svinøya, etter at fylkesmannen igjen har gitt avslag på søknaden om å frakte turistar til øya med helikopter, det skriv Sunnmørsposten. Svinøya er eit naturreservat, men reiseoperatøren 62 grader nord har ønskt å bruke øya til turisme. Kystverket meiner kostnadene ved å vedlikehalde bygga blir for store dersom dei ikkje får inntekter frå turisme.

Saka går no til Miljøverndepartementet.