NRK Meny
Normal

Arrestert etter å ha truga med kniv

Ein mann i 20-åra blei overmanna av politiet etter å ha truga med kniv i Ålesund.

Truga med kniv

Mannen blei arrestert i Ålesund sentrum.

Foto: Remi Sagen / NRK

Væpna politi arresterte mannen etter at han hadde oppført seg aggressivt med kniv i sentrum. Han skal ha stole to syklar og sprunge etter ein annan mann med kniv.

Operasjonsleiar Trygve Ødegård fortel at politiet overmanna han etter nokre minutt.

Skadd

Ingen vart skadde, men mannen hadde påført seg sjølv skader i ei hand.

Mannen, som var sterkt rusa, blei difor køyrt til lege for behandling, opplyser politiet.

Politi Ålesund sentrum
Foto: Remi Sagen / NRK