Hopp til innhold

Trudde jobben var trygg

Dei tilsette ved klesbedrifta Wenaas i Måndalen er sinte og sjokkerte etter at dei i går fekk melding om at 40 arbeidsplassar truleg forsvinn. Ingen av dei tilsette veit kven som må gå.

Video WENAAS-131010-MR-164614-SI_MR.mp4

Dei tilsette ved klesprodusenten Wenaas i Måndalen i Romsdal trudde bedrifta tente pengar og at jobben var trygg. Men i går kom beskjeden: Lageret blir flytta til austlandet og opp til 40 kan misse jobben.

Aud Hansen Venås

Tillitsvald Aud Hansen Venås er sjokkert over beskjeden dei tilsette fekk i går

Foto: Omar Sejnæs / NRK
Wenaas

Isfronter mellom dei tilsette og leiinga var merkbar onsdag

Foto: Omar Sejnæs / NRK
Toril Naas

Toril Naas er ein av dei som fryktar å misse jobben i Måndalen.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Tillitsvald Aud Hansen Venås seier folk reagerer med frustrasjon og sinne.

- Vi er sjokkerte og frustrerte over at dei skal legge ned lageret.

- Så dette kom heilt som lyn frå klar himmel for dykk?

- Ja, det gjorde det faktisk. Det vart frykteleg stille her i går då beskjeden kom.

Les:

Tung arbeidsdag

Folk var på jobb i dag, men det var tungt og for mange gikk det for halv maskin. Dei trudde dei hadde ein trygg arbeidsplass.

- Beskjeden som kom i går var tung, seier Toril Naas.

- Vi har eigentleg ikkje fått noko hint eller noko som helst. Wenaas har overskot og vi trudde det var ei sikker bedrift, og så fekk vi dette tredd over hovudet i går.

Wenaas i Måndalen er ein hjørnestein i næringslivet i Rauma kommune. Dei som jobbar her trudde bedrifta tente pengar. I første halvår i år var overskotet på 30 millionar kroner.

- Ingen veg utanom

Men dagleg leiar Jostein Strand seier dei har gjort ei grundig vurdering.

Jostein Strand

Dagleg leiar Jostein Strand er sikker på at flytting av lageret er einaste utveg for Wenaas.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

- Vi har resultatmessig ei god utvikling i 2010, men vi forheld oss ikkje til det isolert sett. Vi ser meir i forhold til dei utfordringane vi står framfor.

Strand seier at flytting av lageret er einaste utveg.

- Vi er fullt klar over den betydninga bedrifta og dei som bur i Måndalen har for kvarandre, men det var ingen veg utanom. Reknestykket, vurderingane og analysane som er gjort er svært eintydige.

Likevel er dette vanskeleg å svelgje for dei tilsette.

- Det har vore ein god arbeidsplass i mange år. Mange har vore her i 40 år, og vi har no vore trygge bestandig, så vi har stolt på denne plassen, seier Toril Naas.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL